Kort fortalt

Sluttar å selje diesel- og bensinbilar i Noreg

Den siste Volkswagen Golf-en blir sett i bestilling på slutten av året.

23.10.2023

(NPK-NTB): Frå nyttår skal Volkswagen slutte å selje personbilar som går på diesel og bensin i Noreg.

– Som eit siste farvel til fossile bilar blir den siste Volkswagen Golf sett i bestilling mot slutten av året, seier Ulf Tore Hekneby, direktør for Volkswagen-importøren i Noreg, Møller, i ei pressemelding.

Det har vorte selt 1,1 millionar personbilar frå Volkswagen i Noreg på 75 år, og dei siste åra har bilprodusenten introdusert mange elektriske modellar. På ti år er det importert 102.000 elbilar frå Volkswagen til Noreg.

– Elbilutviklinga har fram til no vore ein formidabel suksess. Det kjem nok av både at nordmenn ønskjer seg klimavennlege løysingar, eit breitt utval elbilar i alle segment, men også vilje blant politikarane til å gi gode insentiv, seier Hekneby.

I september var den elektriske Volkswagen-modellen ID.4 den nest mest selde bilen i Noreg.

I ti år på rad var Volkswagen Golf den mest selde bilen i Noreg, og i 2013 kom den elektriske varianten av modellen på marknaden. Dei siste åra har Volkswagen komme med fleire nye modellar i den heilelektriske ID-serien. Dei mest selde modellane til Volkswagen i Noreg har i mange år vore elektriske.

(©NPK)

Publisert: 23.10.2023 10:41

Sist oppdatert: 23.10.2023 10:41

Mer om