Kort fortalt

Slår alarm om miljøgiftnivå hos barn

Ny norsk studie.

14.10.2024

(NPK-NTB): Mange norske barn har høge nivå av miljøgiftnivå i blodet, ifølgje ein norsk studie. Forskarane er bekymra over utviklinga.

Seks forskarar slår alarm i eit debattinnlegg i Tidsskrift for Den norske legeforening med tittelen «Alarmerende høye miljøgiftnivå i blodet hos norske barn». Særleg dreier det seg om ei gruppe miljøstoff som blir omtalte som PFAS.

– Det finst tusenvis av slike stoff, og nesten ingen av dei er undersøkte. Det vi veit, er at vi får i oss ein cocktail av både uorganiske og organiske miljøgifter, også går det ofte mange år før vi skjønner at desse stoffa er farlege, seier forskar og overlege Anne-Lise Bjørke-Monsen til TV 2.

Ho seier barn er ekstra utsette for eksponering av miljøgifter fordi stoffa blir overførte frå mor i svangerskapet og i morsmjølka. Bjørke Monsen etterlyser tiltak frå regjeringa.

– Eg er skuffa over at styresmaktene ikkje tek dette meir på alvor. Dei bør vere meir på befolkninga si side, seier ho.

Helse- og omsorgsdepartementet har vorte presentert for kritikken.

– Vi deler bekymringa for nivåa av miljøgifter som er påviste i menneske, og særleg barn. Derfor har Noreg saman med fleire andre land teke initiativ til eit forbod mot bruk av PFAS, seier statssekretær Usman Ahmad Mushtaq (Ap) til TV 2.

Han understrekar at EU for tida behandlar eit forslag om forbod mot PFAS.

(©NPK)

Publisert: 14.10.2024 10:52

Sist oppdatert: 14.10.2024 10:52

Mer om