Kort fortalt

Slått av Danmark og Finland på pensjon

Det norske pensjonssystemet dårlegare enn brorparten av Norden.

NPK
11.10.2022

Mens nabolanda trumfar, scorar Noreg og Sverige dårlegast på ei stor internasjonal undersøking om pensjonssystem.

– Det var allereie nødvendig med eit betydeleg stykke arbeid for å betra pensjonsutfallet i Noreg, men det siste året har gjort dette endå meir utfordrande, seier presidenten i CFA Society Norway, Erlend Fredriksen i ei pressemelding.

Noreg hamnar på ein 7.-plass på Mercer CFA Institute si liste over pensjonsinntektssystem i 44 land. Samanlikna med nabolanda er det berre Sverige som får dårlegare score på ein 9.-plass.

På toppen tronar Island, med Danmark på ein 3.-plass og Finland på 6.-plass. Ifølgje Fredriksen kjem dette av overgangen frå eit globalt langvarig lågt rentemiljø til høge inflasjonsratar og mangedobling av renter i visse marknader.

Den norske pensjonskommisjonen har uttrykt at pensjonsordninga som gjeld per dags dato ikkje er berekraftig. For å endra dette føreslår dei å auka folkepensjonsalderen, gjera slik at minsteytingar følgjer den generelle velstandsutviklinga og sjå til at uføre er sikra ein rimeleg alderspensjon. Dette kjem likevel ikkje kostnadsfritt.

– Enkeltpersonar har teke på seg meir ansvar for pensjonssparingane sine ei god stund. Midt i høge inflasjonsnivå, stigande renter og større uvisse om økonomiske forhold gjer dei det i eit stadig meir komplekst og endrande miljø, seier Dr. David Knox som er seniorpartnar og hovudforfattar av studien.

Publisert: 11.10.2022 10:15

Sist oppdatert: 11.10.2022 10:17

Mer om