Lisa Edvardsen Haugan foto KM
BLIR MED VIDARE: Styret i Kongsberg-konsernet foreslår at Lisa Edvardsen Haugan leiar det utskilte Kongsberg Maritime-selskapet vidare. Etter planen går selskapet på børs i slutten av april neste år. Foto: Kongsberg Maritime
Nytt

Ho skal fortsette å leie utskilt selskap

«Kongsberg-krona» forsvinn når Kongsberg Maritime skal stå på eigne bein frå neste år.

Marius Rosbach
18.12.2025

Tidlegare i haust blei det kjent at Kongsberg Maritime blir skilt ut som eit eige selskap frå Kongsberg-konsernet. No er ein plan for fisjonen kome på bordet med nye detaljar.

Her blir det føreslått at Lisa Edvardsen Haugan som i dag er toppsjef i Kongsberg Maritime, skal leie det utskilte selskapet vidare. 

Samtidig kjem det fram at nye Kongsberg Maritime etter planen blir registrert på Oslo børs frå 23. april neste år. 

«Kongsberg-krona» forsvinn
Som følgje av at selskapet blir skilt ut frå konsernet, kjem også logoen med den kjente «Kongsberg-krona» til å forsvinne frå Kongsberg Maritime sine avdelingar etter ein overgangsperiode.

– Det er naturleg når Kongsberg Maritime blir lista som eit eige selskap. Så vil resten av konsernet vidareføre bruken av krona og merkevara, fortel kommunikasjonssjef Ronny Lie i Kongsberg Gruppen til Nett No. 

I fisjonsplanen kjem det fram korleis ein ser føre seg det praktiske for aksjonærane og fordeling av eigedelane og tilsette. 

Mellom anna blir eit ikkje spesifisert tal på it-tilsette som i dag jobbar i andre delar av konsernet, overført til nye Kongsberg Maritime. 

Kongsberg ombygging logo foto Marius
FORSVINN: Logoen med «Kongsberg-krona» forsvinn frå avdelingane til Kongsberg Maritime etter ein overgangsperiode. Her frå ombygginga av Ulsteinvik-avdelinga i 2024. Foto: Marius Rosbach

Ekstraordinær generalforsamling i januar
Kongsberg Maritime har rundt 8000 tilsette til saman. Omlag 1100 av desse jobbar på Nordvestlandet ved anlegg og kontor på Longva, i Brattvåg, Ålesund, Hjørungavåg og Ulstein.

Det vil bli bedt inn til ei ekstraordinær generalforsamling 22. januar, som må godkjenne planen før ein går vidare, opplyser Kongsberg i børsmeldinga

Toppsjefen for Kongsberg Maritime på Nordvestlandet, Johnny Aarseth, fortalde til Nett No i oktober at han venta større vekst for selskapet på eigen kjøl.

Betre rusta til å møte «megatrender»
Grunngjevinga for å skilje ut Kongsberg Maritime, er at konsernet meiner det er meir hensiktsmessig med to reindyrka selskap for å møte «megatrendene» med økt etterspurnad innan sikkerheit og berekraft.

Staten er i dag majoritetseigar i Kongsberg Gruppen. Planen er at eigarfordelinga i Kongsberg Maritime blir heilt lik eigarfordelinga i konsernet ved børsnotering. 

Dagens eigarar får éin aksje i Kongsberg Maritime for kvar aksje dei eig i Kongsberg Gruppen.

Publisert: 18.12.2025 13:04

Sist oppdatert: 18.12.2025 20:22

Mer om