(NPK): Hobbykokkar og gourmetinteresserte får no sjansen til å konkurrere om å bli med i juryen for Spesialitet-merket til Matmerk.
Produkta som gjer seg fortente Spesialitet-merket skal vere baserte på lokale råvarer og oppskrifter, og gi ei særeiga smaksoppleving. Ein fagjury har til no valt ut kva produkt som får merket, men no vil stiftinga Matmerk bruke den aukande matinteressa i Noreg til å la ein frå «folket» bli med i denne juryen.
– Det norske folk blir stadig meir matmedvitne og -interesserte. Derfor synest vi det er på sin plass at også folket får ein representant i fagjuryen, som til no har bestått av kokkar og andre matfaglege. Folket må også få seie meininga si. Det er jo trass alt dei som skal handle det i butikken, seier direktør i Matmerk Nina Sundqvist i ei pressemelding.
Kven som får bli med i juryen blir avgjort gjennom ein konkurranse som består av ein matkunnskapstest på nettsidene til Matmerk, motivasjonsbrev, og til slutt ein finale som blir halden under Matstreif i september. (©NPK)

Publisert: 09.08.2016 11:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44