Kort fortalt

Småkraft kan koma på utanlandske hender

Småkraft er på veg til å verte utanlandsk.

23.10.2015
(NPK): Selskapet Småkraft, som er ein av dei største utbyggjarane av småkraftverk i Noreg, kan få utanlandske eigarar.
– Urovekkjande. Det er ikkje bra at eigarskapet til viktige norske naturressursar forsvinn ut av landet, seier leiar i Hordaland Sp og ordførar i Kvam, Jostein Ljones til .
Avisa fortel at Småkraft blei lagt ut for sal i vår og at eigarane Statkraft, BKK, Skagerak Kraft og Agder Energi har brukt tida fram til no med å leggja til rette for salet.
– Vi har gått breitt ut og diskriminerer ikkje mellom utanlandske og norske eigarar, seier Anders Prietz i Statkraft til avisa.
Han fortel at selskapet har invitert både norske og utanlandske investorar om å vera med i prosessen og stadfestar at mange av utanlandske interessentar leitar etter gode, grøne prosjekt.
Prietz reknar med at det vil koma inn bindande bod i tidleg i november.
Marit Arnstad (Sp) har tidlegare teke til orde for at staten bør bruka eigarskapet i Statkraft til å hindra at utanlandske eigarar tek over norske vassverk. Professor Einar Hope ved NHH er derimot ikkje uroleg for dette.
– Noreg har uansett veldig sterk kontroll med vassressursane gjennom konsesjonslovgjevinga og andre reguleringar. Vasskrafta kan ikkje flyttast ut av landet, seier han. (©NPK)

Publisert: 23.10.2015 15:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50