(NPK): Småkraftbransjen har sett i gang eit toårig prosjekt for å finna ut om det er marknad for småkraftprodusentane til å produsera hydrogen som drivstoff.
– Vi har tru på at hydrogenmarknaden vil utvikla seg kraftig. Det er enorm interesse blant småkraftaktørane, og heile bransjen er samla om dette prosjektet. Vi skal kartleggja hydrogenmarknaden, vurdera kostnader og lønsemd og i tillegg rå til eigna produksjonsteknologi, seier dagleg leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga til
Foreininga har saman med dei tretten største småkraftprodusentane søkt om to millionar kroner i støtte frå Forskingsrådet til prosjektet. I tillegg vil dei leggja ned 2.000 arbeidstimar i prosjektet sjølve.
Tveit meiner hydrogen kan bety eit stort løft for kraftprodusentane, spesielt i periodar når kraftprisane er låge. Leiaren i Småkraftforeninga er også overtydd om at satsinga vil styrkja næringsutviklinga i distrikta.
For at planane skal lykkast, krevst det likevel at styresmaktene legg til rette for fleire fyllestasjonar for hydrogen, blir det hevda.
– Vi håpar styresmaktene tek same type leiaransvar som for elbilane, og sørgjer for fleire stasjonar, seier Tveit. (©NPK)

Publisert: 22.10.2015 12:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50