Kort fortalt

Småkrafteigarar ikkje lenger små

Profesjonelle småkraftutbyggjarar med store og mektige eigarar tek over stadig meir av småkraftproduksjonen.

Ivar Myklebust Longvastøl
12.02.2014
- Dei siste 3-5 åra har det skjedd eit skifte på grunn av høgare utbyggingskostnader, seier Hermod Seim til Firdaposten, ingeniør og konsulent for grunneigarar som ønskjer å byggje ut krafta sjølve.

Tek over 80 prosent

Avisa har gått gjennom konsesjonssøknadene frå kommunane Bremanger og Flora som no ligg på bordet til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Dei store småkraft-aktørane Småkraft AS, Norsk Grønnkraft AS, Fjellkraft AS og SFE Produksjon AS har til saman søkt om å få byggje ut 182 GWh, av eit samla søkt produksjonspotensial på 218 GWh. Det er 83 prosent.
Av desse har berre Sogn og Fjordane Energi (SFE) Produksjon AS ei viss lokal tilknyting.

Unngår nabokranglar

Hermod Seim har vore konsulent for småkraftutbyggjarar i 15 år og har vore rådgjevar for 45 prosjekt. Han seier det er fleire grunnar til at profesjonelle aktørar tek over.
- Grunneigarane tener pengar på å leige ut eller selje fallrettar til utbyggarselskapa. I fleire tilfelle har grunneigarane også gjort avtale med utbyggar om deling av overskotet. Det kan vere litt styr med å bygge småkraftverk. Mange eigarar og dårleg naboskap kan gjere det komplisert, og då kan det vere greitt å overlate utbygginga til ein større aktør, seier Seim til Firdaposten. .

Publisert: 12.02.2014 15:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22