(NPK): Kveiteoppdrett blir sakte men sikkert til ein industri i Sogn og Fjordane. Selskapet Sogn Aqua investerer 75 millionar kroner i eit nytt anlegg for oppdrettskveite.
– Det går greitt, tenkjer eg. Vi jobbar oss sakte, men sikkert framover. Vi førebur oss på nyanlegget og så skal vi byggje eit settefiskanlegg, seier dagleg leiar og storaksjonær Jan Arne Brekke til Fiskeribladet Fiskaren.
Oppdrett av kveite er ein tidkrevjande prosess, ikkje til samanlikning med lakseoppdrett.
– Det tek fire til fem år frå vi set ut ein yngel til vi har fisk på tre til sju kilo. Dei går ikkje heilt i takt kveitene, kan ein seie, seier Brekke til avisa.
Frå før har selskapet eitt anlegg i Slantevik i Høyanger. Med det nye landbaserte anlegget i Ortnevik på plass, kan Sogn Aqua auke produksjonen med 100 tonn kveite. (©NPK)

Publisert: 02.12.2015 10:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49