Kort fortalt

Solberg kommenterer lakseskatten

Kallar regjeringa sin skattemodell ubrukleg.

21.03.2023

NPK/NTB: Ei rekkje fylkeslag i Høgre har uttalt at dei krev at partiet seier klarare nei til den foreslåtte grunnrenteskatten på havbruksnæringa, og det er kome inn tre forslag til resolusjonar om saka.

– Eg er ikkje så sikker på om det er så veldig mykje usemje, men eg trur det er veldig stort engasjement langs kysten, og det forstår eg, seier Solberg til NTB.

På ein pressekonferanse i forkant av landsmøtet tysdag sa Solberg at «den modellen regjeringa har hatt på høyring, er ubrukbar,» før ho overfor NTB utdjupa sitt syn på den moglege striden.

– Ein opplever at det er full brems på investeringar i den næringa som har vore drivkrafta i mange distrikt langs kysten. Den opplever å stange mot veggen, og dei som først og fremst merkar det no, er leverandørindustrien til oppdrettsnæringa, seier Solberg.

Publisert: 21.03.2023 15:06

Sist oppdatert: 21.03.2023 15:06