Kort fortalt

Solberg vil framleis handle med Kina

Unge Høgre når ikkje fram med hardare linje.

24.03.2023

Vi bør ikkje slutte å handle med Kina, men vi må passe på at vi ikkje gjer oss avhengige av dei, meiner Høgre-leiar Erna Solberg.

– Det er framleis store fordelar knytt til handel. Og då tenkjer eg ikkje først og fremst på dei økonomiske fordelane. Eit land som handlar med resten av verda, må også i ei viss grad vere ope mot resten av verda. Det avgrensar spelerommet til makthavarane, sa Solberg i talen sin til Høgres landsmøte fredag.

– Vi bør halde handelsvegane opne. Sørgje for at kinesarar flest kan sjå kva eit fritt samfunn er for noko, sa ho, men la til:

– Vi skal passe på at vi ikkje gjer oss avhengige av Kina når vi ser at det kan bryggje opp til storm.

Unge Høgre har foreslått at landsmøtet skulle vedta ei fråsegn som tek til orde for ei hardare linje mot Kina, men resolusjonskomiteen har innstilt på at denne ikkje blir behandla.

Publisert: 24.03.2023 14:05

Sist oppdatert: 24.03.2023 14:06

Mer om