Rekneskapane til Nordvest Naprapatklinikk og Møre Helse viser at det var eit godt fjorår. Førstnemnte selskap driv to klinikkar i Ålesund, medan sistnemnte driv klinikken i Ulsteinvik.
Til saman hadde dei to selskapa ei omsetning på knappe seks millionar – som er på nivå med året før. Lønnsemda vart samtidig eit hakk betre for begge selskapa (sjå tabell under).
Til saman sysselsette Nordvest Naprapatklinikk og Møre Helse fem årsverk i fjor.
Nær 20 år etter at Ole Theodor Hovden starta den første avdelinga til Nordvest Naprapatklinikk, bestemte han seg i fjor for å selje sine aksjar til samarbeidspartnar Sara Lande Rise.
Salet blei nyleg gjennomført og Rise skal drive naprapatverksemda vidare. Hovden skal leie familiens fiskebåtreiarlag Hovden Senior, som har kystfiskebåten Hovden Viking.
| Nordvest Naprapatklinikk As | ||
| Tall i mill. kroner | 2023 | 2022 |
| Driftsinntekt | 3,75 | 3,65 |
| Driftsresultat | 0,1 | 0 |
| Resultat før skatt | 0,1 | 0 |
| Møre Helse As | ||
| Tall i mill. kroner | 2023 | 2022 |
| Driftsinntekt | 2,2 | 2,3 |
| Driftsresultat | 0,1 | 0,05 |
| Resultat før skatt | 0,1 | 0 |
Publisert: 22.04.2024 14:25
Sist oppdatert: 22.04.2024 14:25





