Ole Theodor Hovden Foto Nordvest Naprapatklinikk 222
SKIFTER BEITE: Ole Theodor Hovden slutter å jobbe som naprapat og går over som leiar av fiskebåtreiarlaget Hovden Senior. Foto: Nordvest Naprapatklinikk
Nytt

Sel klinikk og startar som reiarsjef

Ny eigar satsar vidare med naprapat-verksemda som Ole Theodor Hovden har bygd opp.

Marius Rosbach
03.11.2023

Nær 20 år etter at Ole Theodor Hovden starta den første avdelinga til Nordvest Naprapatklinikk, sluttar han i verksemda og sel aksjane til samarbeidspartnar Sara Lande Rise.

Framover skal Hovden leie familiereiarlaget Hovden Senior som har kystfiskebåten Hovden Viking.

Tidlegare har faren, Rune, leia reiarlaget, men frå starten av oktober tok sonen over. Etter å ha «vakse opp» med drifta er det ingen ukjent bransje han tek steget inn i.

– Eg har vore styreleiar i reiarlaget ei periode, også har eg halde på med styrearbeid i kring 15 år. Så eg håpar å ha noko å bidra med, seier han til NETT NO.

I tillegg til Nordvest Naprapatklinikk, har Hovden tidlegare starta fleire selskap. Han har óg jobba som konsulent i eige selskap. Då har han bidrege med råd om administrasjon og styrearbeid.

Klinikkar i Ulsteinvik, Moa og Ålesund
Sara Lande Rise har vore med medeigar i Nordvest Naprapatklinikk sidan 2003, og bli no eineeigar i selskapet Møre Helse som eig klinikken i Ulsteinvik.

Gjennom samarbeidsavtaler driv Nordvest Naprapatklinikk As i Ulsteinvik, på Moa og i Ålesund sentrum. Selskapet eig også dei to sistnemnte klinikkane, i tillegg til merkevaren.

Framover skal Rise styre desse klinikkane som før.

– Det er sunn og god drift i selskapet og dei satsar for fullt vidare, seier Hovden.

Det er sunn og god drift i selskapet og dei satsar for fullt vidare
Ole Theodor Hovden
Ole Theodor Hovden Foto Nordvest Naprapatklinikk 111
STARTA I 2004: SKIFTER BEITE: Ole Theodor Hovden starta Nordvest Naprapatklinikk i 2004. Etter nær 20 år trekk han seg ut. Foto: Nordvest Naprapatklinikk

Jobbar med å rekruttere fleire
Hovden sluttar å jobbe som naprapat, men i Nordvest Naprapatklinikk As skal han halde fram som ein av tre eigarar. Selskapet omsette for knappe 3,7 millionar i fjor – og ligg an til om lag same omsetning i år, ifølgje Hovden.

Han fortel at aktiviteten er god, og at dei jobbar med å rekruttere fleire naprapatar.

– Som dei fleste andre, opplever vi at det er ei krevjande utfordring å finne nye tilsette, seier han.

Har 2018-bygd kystfiskebåt
Hovden Senior-reiarlaget er eit familieeigd og held til med eigen kai på Kjøde i Stad kommune. Dei har ein 2018-bygd kystfiskebåt på 46 meter, som gir arbeid til 12-13 fiskarar, i tillegg til to-tre årsverk på land.

– Vi er godt nøgd med driftsgrunnlaget, sjølv om vi sjølvsagt alltids kunne tenkte oss meir, seier Hovden.

Han ser fram til å leie familiebedrifta og fortel at dei har godt kvotegrunnlag for fiske av både torsk, seil, sild, makrell. I tillegg fiskar dei ein del lodde.

I sommar kunne NETT NO melde at reiarlaget leverte rekordomsetning og god lønnsemd i 2022.


Ser fram til kvotemelding
Eit stadig meir komplisert regelverk er mellom grunnane til at han no går inn i leiinga av reiarlaget, fortel han. Samtidig ser han fram til den lenge varsla kvotemeldinga for fiskeriet.

– Den har vi venta spent på og det er bra at det snart ser ut til å kome ei avklaring, legg han til.

Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) fortalde til NETT NO denne veka at saka var den ho hadde jobba «aller mest med» i den korta tida ho har vore i statsrådstolen.

Publisert: 03.11.2023 15:22

Sist oppdatert: 03.11.2023 15:54