NPK-NTB: Lakseselskapet SalMar hadde eit operasjonelt driftsresultat på 801,3 millionar kroner i tredje kvartal mot 576,3 millionar kroner i same periode i fjor.
I kvartalet slakta SalMar-konsernet 34.000 tonn laks mot 29.600 tonn i tredje kvartal i fjor. Konsernsjef Trond Williksen seier at langvarige investeringar for handtering av lakselus no begynner å gi resultat.
– God drift i alle segment og ein biologi i betring har bidratt til at SalMar igjen leverer eit sterkt finansielt resultat, trass i nedgang i lakseprisen gjennom kvartalet. Spesielt positivt er det at den positive kostnadsutviklinga dei seinaste kvartala fortsette også i tredje kvartal, seier Williksen.
Selskapet reknar med å slakte rundt 134.000 tonn laks i Noreg i år og forventar at dette talet vil auke til 143.000 tonn neste år.

Publisert: 15.11.2017 10:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41