(NPK): Takka vera gode vêr- og brøytetilhøve kunne sommarskisenteret i Stryn i helga opna ei veke tidlegare enn planlagt.
– Det blei ein knallbra start med strålande vêr, seier dagleg leiar for sommarskisenteret, Nina Lensebakken, til .
I år er første sesongen hennar som dagleg leiar for Stryn Sommerski etter at sambuaren hennar kjøpte senteret i 2014.
Dei nye eigarane har fleire planar for senteret, men kan ikkje lova at bretrekket kjem på plass att i år.
– Breen har vore i forandring og mastene var ganske slitne, så det var ikkje forsvarleg frå taubanetilsynet si side å setja opp trekket, seier Lensebakken.
Ho seier senteret arbeider med å få på plass ei anna løysing, men ho vil førebels ikkje ut med kva desse planane går ut på. (©NPK)

Publisert: 31.05.2016 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46