Kort fortalt

Sp-landsmøte møtt av kystbrøl

Eit brøl frå kysten mot den foreslåtte lakseskatten danna startskotet for Senterpartiets landsmøte.

17.03.2023

200–300 demonstrantar frå laksebransjen tok fredag morgon oppstilling utanfor landsmøtehotellet i Trondheim. Der har eit rekordhøgt tal på Senterparti-delegatar samla seg.

Iført T-skjorter med eit fiskeskjelett og påskrifta «Staten tok resten» gav dei frammøtte tydeleg beskjed til Senterpartiet kva dei meiner om den foreslåtte lakseskatten.

– No vil vi at Senterpartiet skal lytte til kysten, det er inga skam å snu. Vi kjenner oss lurt, seier Salmar-tillitsvalt og initiativtakar til Kystbrøl-markeringa, Hans Stølan, til IntraFish.

Også Sp-ordførarar frå fleire kystkommunar har gått kraftig ut mot lakseskatten.

NTB snakka med ei handfull av demonstrantane. Dei var alle austeuropearar som hadde vorte bussa inn til Trondheim frå Frøya av arbeidsgivaren Salmar.

Publisert: 17.03.2023 10:08

Sist oppdatert: 17.03.2023 10:10

Mer om