Kort fortalt

Sp-motstand mot mogleg «lakseskatt»

26.09.2022
(NPK-NTB): Fleire ordførarar frå Senterpartiet ber regjeringa om å ikkje fremje forslag om såkalla lakseskatt når statsbudsjettet blir lagt fram i seinare haust.

Til NRK seier ordførar Sigrun Wiggen Prestbakmo (Sp) i Salangen kommune at slik skatt vil vere eit «ran» av kystsamfunna.

– Eg har sagt til kommunalministeren at om dette blir gjennomført, må han prioritere krisepakkar langs kysten, seier ho.

Finansdepartementet kjem ikkje til å omtale kva som står i budsjettet før det blir lagt fram neste månad.

– Skatte- og avgiftsendringar blir lagd fram i statsbudsjettet 6. oktober. Vi kommenterer ikkje kva som eventuelt kjem der, seier kommunikasjonssjef Therese Riiser.

Blant dei som har vore ute og foreslått ei eiga skattlegging av oppdrettsverksemda, grunnrenteskatten, er arbeidstakarorganisasjonen YS.

– Regjeringa varslar strammare budsjett framover. Eg ventar at regjeringa skjermar vanlege folk og finn nye inntektskjelder. Ein av desse er lakseskatten, som vil gi oss 7 milliardar i året, sia Hans-Erik Skjæggerud, første nestleiar i YS, i ei pressemelding nyleg,

(©NPK)

Publisert: 26.09.2022 09:26

Sist oppdatert: 26.09.2022 09:27

Mer om