Kort fortalt

Sparebank med forlik i søksmål

Blei samde med ektepar som meinte dei fekk låne for mykje.

08.09.2022

Eit ektepar frå Molde meinte dei fekk låne for mykje og gjekk til sak mot Sparebank 1 SMN.

No er striden løyst ved eit forlik, stadfestar ekteparet sin advokat, Ingvild Slettebø, til NRK Møre og Romsdal.

Ho vil ikkje seie noko om innhaldet i avtalen mellom partane.

Paret hadde opparbeida seg ei gjeld på over sju millionar kroner,og frykta at dei skulle forbli gjeldsslavar resten av livet. Lånet er tolv gonger høgare enn inntekta til paret.

Publisert: 08.09.2022 18:19

Sist oppdatert: 08.09.2022 18:20

Mer om