Kort fortalt

Sparer 50 milliardar

Statoil går for gigantprosjekt i Barentshavet.

19.01.2016
(NPK-NTB): Statoil vil gå for eit flytande produksjonsskip som mogleg utbyggingsløysing for Johan Castberg-feltet i Barentshavet – og sparer 50 milliardar kroner.
Feltet har vore utsett på grunn av låg lønsemd, men tysdag slapp konsernsjef i Statoil, Eldar Sætre, nyheita om at dei no gir grønt lys til gigantprosjektet.
– Det er ned stor glede eg kan seie at partnarskapet i Johan Castberg har blitt einige om grovskissa til eit konsept som vi då går vidare med, også skissa til ein framdriftsplan, sa Sætre på Oljeindustripolitisk seminar i Sandefjord.
Statoil har saman med partnarane vedteke å gå for eit flytande produksjonsskip som mogleg utbyggingsløysing for Johan Castberg, skriv .
– Investeringsestimatet er nesten halvert frå 100 milliardar kroner til ein stad mellom 50 og 60 milliardar kroner. Kva har vi spart? Vi har spart 40– 50 milliardar kroner. Eg kan forsikre dykk om at vi kjem til å gå for dette, sa Sætre.
Det vert anslått at Johan Castberg inneheld 450– 650 millionar fat, og vil med det vere det største i Barentshavet.
Partnarskapet ser fram til ei avgjerd om vidareføring hausten 2016 og eit investeringsvedtak i 2017. Antatt produksjonsstart er i 2022. (©NPK)

Publisert: 19.01.2016 20:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49