Ein person som jobba på staden er stadfesta omkomen som følgje av ei sprengingsulukke på Digerneset i Ålesund kommune, skriv politiet i ei pressemelding
Dei pårørande er varsla og vert ivaretekne av kriseteamet i Ålesund kommune.
Politiet vart varsla om ulukka kl. 09.57.
- Politiet har sperra av staden. Åstaden har blitt sikra og det blir gjennomført teknisk og taktisk etterforsking for å finne kva som kan vere årsaka til ulukka, seier politiadvokat Lena Katrin Romestrand i pressemeldinga.
Publisert: 26.04.2023 11:53
Sist oppdatert: 26.04.2023 13:08