Kort fortalt

Spår 52.000 norske havvindjobbar

Ein ny rapport viser at å byggje opp industrien rundt flytande havvind kan bli lønnsamt for Noreg.

30.05.2022

Dette gjeld mellom anna ved å skape nye arbeidsplassar.

– Industrien rundt flytande havvind åleine kan skape heile 52.300 arbeidsplassar i 2050. Det svarer til om lag 25 prosent av sysselsetjinga oljenæringa hadde i 2019, skriv Norges Rederiforbund i ei pressemelding.

Rapporten er utarbeidd av Menon Economics, som har undersøkt arbeidsplassar, industrielle ringverknader, global marknadsutvikling og moglegheitene for eksport av flytande havvind.

Flytande havvind skil seg frå botnfast havvind ved at turbinane er festa til havbotnen med anker, i staden for å vere fastmonterte.

Regjeringa la i mai fram dei konkrete planane sine for havvindsatsinga i Noreg framover. Der vart det klart at det skal jobbast mot utbygging av 30 gigawatt havvind innan 2030. Det svarer nesten til den samla norske vasskrafta.

Frå før er eit område utanfor Haugesund, Utsira Nord, peika ut som eigna for utbygging for flytande havvind.

– Grunnen til at Menon har sett på flytande havvind isolert, er at Noreg her har særskilde fortrinn, samanlikna med botnfast havvind. Kartlegginga viser at norske aktørar kan ta ein marknadsdel på mellom 5 og 14 prosent av den globale flytande marknaden, heiter det i pressemeldinga.

– Tempoet på tildelinga av område på den planlagde flytande havvindparken Utsira Nord må derfor opp for å sikre ein heimemarknad der norske selskap kan levere tenester.

Oppdraget om å lage rapporten er gitt av Norsk Industri, Norwegian Offshore Wind, Innovasjon Noreg, Rederiforbundet, GCE Ocean Technology og GCE Node/Fremtidens Havvind.

Rapporten oppmodar til at utviklinga av flytande havvind bør få opp farten dersom Noreg skal kunne konkurrere internasjonalt.

– Fleire land rundt oss har komme lenger med dei flytande prosjekta sine, og har tydelege mål om å byggje havvindparkar innan kort tid, heiter det.

– Menon har rekna ut at norske aktørar kan omsetje for opptil 96 milliardar kroner i 2050, berre frå flytande havvind.

Publisert: 30.05.2022 16:00

Sist oppdatert: 30.05.2022 16:02

Mer om