(NPK-NTB): Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) trur fiskerinæringa skal doble omsetninga til 200 milliardar kroner på fem år.
– 200 milliardar kroner er mogleg, men då må ein ønske det. Eg ser ingen grunn til at fiskerinæringane ikkje skal bli den leiande norske næringa i framtida. Vi har dei fleste føresetnadene og får eg med næringa på ei berekraftig satsing, er tjue prosent vekst i året mogleg, seier Sandberg til
Det ligg allereie an til eit rekordsterkt år for fiskerinæringa på 90 milliardar kroner, men Sandberg seier det må satsast utover laks og oppdrett for å nå målet
– Vi er heilt avhengige av å få opp fangstnivået for torsk og kvit fisk og pelagisk fisk (makrell og sild). Vekst innan oppdrett og fiske vil kunne gi mange tusen nye arbeidsplassar langs kysten vår, seier Sandberg.
Marknadsinnsiktsdirektør Asbjørn Warvik Rørtveit i Noregs sjømatråd er positiv.
– Vi likar veldig godt signala frå Sandberg og skal gjere vårt for at bransjen kan vekse i åra som kjem, seier han.
Så langt i år ligg norsk sjømateksport på 56,3 milliardar kroner der laksen utgjer 37,8 milliardar, etterfølgt av torsk på 5,8 milliardar. (©NPK)

Publisert: 03.10.2016 08:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44