Kort fortalt

Spår enorm prisoppgang på mat

– Folk vil merke det, seier økonomiprofessor.

10.03.2022

(NPK-NTB): Krigen mellom to korngigantar gir sjokkvekst i råvareprisane: – Ein må rekne med enorm prisoppgang. Folk vil merke det, seier økonomiprofessor.

Russland og Ukraina står til saman for nesten ein tredel av eksporten i verda av bygg og kveite, ifølgje nyheitsbyrået AP. No må folk stålsetje seg for auka prisar på matvarer, seier Ola Grytten, professor i økonomisk historie ved Norges handelshøyskole til Klassekampen.

Grytten trur ikkje brød blir ei mangelvare i Noreg, men det kan det bli i andre land.

– Ein vil merke det i Noreg ved at det blir meir kostbart. Eg reknar med ein betydeleg prisvekst. Vi ser det i marknaden allereie no, seier Grytten.

Han trur norske bønder kan få større inntekter, men også «kostnadssjokk» på ei rekkje utgifter, slik som diesel og straum.

– Dette vil vise at norsk jordbruk er viktig, seier Grytten.

Administrerande direktør Bjørn Gjethammer i Norgesmøllene er bekymra over dei rekordhøge kornprisane:

– Verdsmarknaden går til himmels. Det er langt over prisnivået dei siste ti–femten åra. Eg har aldri sett så høge prisar før, seier han.

(©NPK)

Publisert: 10.03.2022 09:40

Sist oppdatert: 10.03.2022 09:41

Mer om