Kort fortalt

SSB: Arbeidsløysa går noko ned i 2017

Det lysnar litt neste år.

02.06.2016
(NPK-NTB): Litt høgare økonomisk vekst framover bidrar til at toppen i arbeidsløysa truleg blir nådd i år med eit årsgjennomsnitt på 4,7 prosent av arbeidsstyrken, anslår Statistisk sentralbyrå (SSB).
SSB presenterte torsdag sine utsikter for norsk og internasjonal økonomi fram til 2019. Her ser ein for seg ein viss vekst etter den kraftige konjunkturnedgangen etter sommaren i fjor.
SSB ser for seg at mindre fall i oljeinvesteringane, låge renter, ekspansiv finanspolitikk og auka vekst internasjonalt gradvis vil auke veksten i norsk økonomi framover.
– I 2015 auka BNP Fastlands-Noreg med berre 1,0 prosent, og vi reknar med enda litt lågare vekst i år, fastslår SSB. (©NPK)

Publisert: 02.06.2016 11:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46