(NPK): Bestandsindeksen for norsk vårgytande sild (nvg-sild) er i år 7,5 prosent lågare enn i fjor, men det er innanfor feilmarginane for målingane, fortel Havforskingsinstituttet.
Bestandsindeksen er basert på økosystemtoktet som Noreg, EU– Danmark, Færøyane og Island gjennomførte saman i Norskehavet i vår.
– Indeksen ser ut til å ha flata ut sidan 2012, men han svingar litt opp og ned frå år til år. Desse svingingane, inkludert nedgangen i år, er innanfor det vi reknar som uvissa knytt til desse målingane, seier Erling Kåre Stenevik i Havforskingsinstituttet.
Årsklassen som vart født i 2004, er framleis den største målt i biomasse føre 2002-årsklassen, men 2013-årsklassen lover òg bra. (©NPK)

Publisert: 28.06.2016 14:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45