NPK: Bestanden av vågekval har vore relativt stabil dei siste tjue åra, konkluderer Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) i ein risikorapport dei har laga for Miljødirektoratet.
Det ser ikkje ut til at den norske eksporten av vågekval har vore øydeleggjande, meiner VKM, som likevel understrekar at datagrunnlaget er usikkert, og at det er mange kunnskapshol. Forskarane veit mellom anna for lite om flyttemønsteret til kvalen, kor han held til om vinteren, kva som truar han, og kva han døyr av.
– Vi veit for lite om endringar i førekomst og utbreiing, og om arveanlegg. Det er òg uvisst korleis miljøendringane i Arktis vil påverke bestanden, seier Eli K. Rueness, som har vore fagleg leiar for arbeidet med risikoanalysen.
– Om vi kan halde på konklusjonen i åra som kjem er avhengig av i kva grad vi får tetta kunnskapshola, seier Rueness.
Noreg har reservert seg mot det mellombelse forbodet mot kvalfangst, som Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) vedtok i 1982, og mot vernet som vågekvalen har i konvensjonen for internasjonal handel med trua artar (Cites).
Noreg har i år fastsett ein kvote på 1.278 vågekval, like mange som i 2018. Då landa elleve kvalfangstbåtar i alt 454 dyr. Bestanden blir anslått til å telje rundt 100.000 dyr.

Publisert: 02.07.2019 13:48
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33