Kort fortalt

Stadfesta eksportrekord for sjømat

Vart slått i november.

03.12.2021

(NPK-NTB): Til saman er det eksportert norsk sjømat for 108,8 milliardar kroner hittil i år. Tala stadfestar at eksporten av norsk sjømat vil sette ny årsrekord i 2021.

I november eksporterte Noreg sjømat for 12 milliardar kroner. Det er ein auke på 2,6 milliardar samanlikna med november i fjor, viser nye tal frå Sjømat Norge.

Til saman er det hittil i år eksportert sjømat for 108,8 milliardar kroner, og dermed er årsrekorden frå 2019 på 107,2 milliardar kroner passert.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) seier at det er mange dyktige fagfolk langs heile kysten som har bidrege til den imponerande eksportrekorden til næringa.

– Med høg etterspurnad etter norsk sjømat, gode prisar og julesesongen framfor oss har eg tru på at vi får ei sterk avslutning på rekordåret 2021, seier han.

Virusspreiing kan påverke
Ifølgje administrerande direktør Renate Larsen i Norges sjømatråd ligg det an til at årsrekorden frå 2019 vert slått med rundt 10–11 milliardar kroner.

Ho er likevel spent på om spreiinga av den nye omikronvarianten vil påverke julesalet av sjømat, men trur ikkje at ei eventuell ny nedstenging vil slå like hardt ut på etterspurnaden som i starten av pandemien.

– Veldig mange har lært seg å lage sjømat heime samtidig som det er etablert nye kjøpsmønster med netthandel og auka bruk av heimlevering. Det gjer ferske sjømatprodukt betre rusta enn i starten av pandemien då ferskfiskdiskane i fleire land stengde ned, seier Larsen.

Lakse- og aurerekord
I november vart det både slått rekordar for eksport av laks og aure.

Det vart eksportert 127.000 tonn laks til ein verdi av 8 milliardar kroner. Volumet auka med 19 prosent, medan verdien auka med 40 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Når det gjeld aure, vart det eksportert 6.600 tonn til ein verdi av 427 millionar kroner. Volumet auka med 6 prosent, medan verdien auka med 31 prosent samanlikna med november i fjor.

Det var òg ein auke for fersk torsk og frosen torsk, klippfisk, saltfisk, tørrfisk, medan det var nedgang for makrelleksporten.

(©NPK)

Publisert: 03.12.2021 11:06

Sist oppdatert: 03.12.2021 11:09

Mer om