Renate Larsen Karsten Warholm Leif Olav Alnes foto sjømatrådet 11
SPONSORAVTALE: Direktør i Sjømatrådet Renate Larsen signerer sponsoravtale med Karsten Warholm og trenar Leif Olav Alnes. Verdien på avtalen blir ikkje opplyst. Foto. Sjømatrådet.
Nytt

Karsten blir sponsa av Sjømatrådet

Skreiv under avtale og markerte at eksportrekorden frå 2019 er passert.

NPK
26.11.2021

(NPK-NTB): Noregs sjømatråd og friidrettsstjerna Karsten Warholm har inngått ein samarbeidsavtale for 2022 og 2023. Begge partar vill vere best i verda.

– Visjonen til Sjømatrådet er «saman vinn vi verda for norsk sjømat». Gjennom denne avtalen får vi med ein på laget som faktisk har vunne verda. Eg er derfor utruleg stolt over at Karsten Warholm no skal jobbe saman med oss for å nå denne visjonen, seier administrerande direktør i Noregs sjømatråd, Renate Larsen.

Karsten Warholm seier at han lenge har ynskt å jobbe med norsk sjømat.

– Det er eit fantastisk og viktig produkt for nasjonen Noreg og noko som heile teamet vår har eit veldig nært forhold til. No gler eg meg til å jobbe saman med Sjømatrådet og finne ei felles plattform, seier Karsten Warholm.

Passerte eksportrekorden

2021 blir det beste året for norsk sjømateksport nokon gong. Fredag kunne Renate Larsen også presentere nyheita om at den gamle rekorden frå 2019 på 107,2 milliardar kroner er passert.

– Det er ekstra passande at vi på denne rekorddagen kan offentleggjere samarbeidsavtalen med Karsten Warholm, som verkeleg er van med å setje rekordar, seier Larsen.

Dei offisielle eksporttala kjem om ei veke. På elleve år har sjømateksporten meir enn dobla seg, frå 50 milliardar kroner i 2010 til det som ved årets utgang truleg blir langt over 110 milliardar kroner.

Forfedre på sjøen
Karsten Warholm meiner at Noreg er tufta på dei verdiane som kjem frå sjømatnæringa.

– Forfedrane min jobba sjølve på sjøen med alt mogleg av fangst og fiske, og eg har alltid elska norsk sjømat. Sjømat er også ein viktig del av kosthaldet mitt og heilt naudsynt for å levere dei resultata som eg gjer. Det er vel også ei kjent sak at alt det beste i verda kjem frå norskekysten, seier superstjerna med eit glimt i auget.

(©NPK)

Publisert: 26.11.2021 10:06

Sist oppdatert: 26.11.2021 11:49

Mer om