Kort fortalt

Stadig fleire seier ja

135 kommunar på veg mot samanslåing.

21.01.2016
(NPK): Nesten ein tredel av kommunane forhandlar om eller har bestemt seg for ei samanslåing, viser reformkartet til Kommunal Rapport.
– Dette viser at det har losna for kommunereforma. Vi ser at stadig fleire er i forhandlingar eller i samtalar om ein intensjonsavtale. Også kommunar som før har sagt nei, er no opne for samtalar, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H) til avisa.
Så langt har 11 kommunar søkt om samanslåing og 124 er i gang med forhandlingar. I alt 50 kommunar har avslutta prosessen etter å ha greidd ut spørsmålet. Resten av kommunane, 243 i talet, er i utgreiingsfasen.
Til no har 44 kommunar bestemt seg for å ikkje søkje samanslåing, ifølgje Kommunal Rapports .
Kommunane har frist til 1. juli med å vedta søknad om samanslåing. Innan 1. oktober skal fylkesmennene så gi ei sjølvstendig vurdering av kommunestrukturen i dei respektive fylka. Regjeringa og Stortinget skal behandle den nye kommunestrukturen våren 2017. (©NPK)

Publisert: 21.01.2016 15:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48