(NPK-NTB): Nordmenn tek ut stadig mindre kontantar i både minibankar og ved varekjøp, og talet på minibankar er fallande.
Berre det siste året har DNB gått frå å ha 270 minibankar til 188, skriv Klassekampen. I 2008 var minibankane på topp, heile 2.283 stykke fanst rundt om i landet. No har talet falle til 1.950 ifølgje ei oversikt frå Noregs Bank.
– Tala er klare og tydelege, folk flest brukar ikkje kontantar i kvardagen lenger. Vi tilpassar oss åtferda til kundane, seier informasjonsdirektør i DNB, Even Westerveld.
Banken vil etter nyttår innføre eit gebyr på 10 kroner for å ta ut pengar i minibankane til banken, også viss ein er kunde i DNB. I dag er dette gratis.
Sjølv om ein også kan ta ut kontantar i butikkar er dette lite utbreidd. I 2015 tok nordmenn ut 90 millionar kroner frå minibankar, og berre 19 millionar frå butikkar i samband med varekjøp. (©NPK)

Publisert: 12.12.2016 08:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43