Stadt Hallvard Slettevoll 2019
TRENG FLEIRE FOLK: Ny kontrakt skaper grunnlag for fleire tilsette seier Stadt-leiar Hallvard Slettevoll.
Kort fortalt

Stadt-kontrakt til nytt skip

Blir systemleverandør til skip som skal drive operasjonar på havbotnen.

20.11.2025

Det omlag 100 meter lange skipet til eit europeisk reiarlag skal vere klart frå eit europeiske verft om omlag to år, skriv Gjerdsvikabedrifta Stadt i ei pressemelding. 

Namn på reiarlag og verft er ikke oppgitt. Det er heiller ikkje storleiken på kontrakten i kroner.

Stadt skal vere systemleverandør av eit kraftig diesel-elektrisk system, basert på selskapet sitt patenterte "Lean Propulsion"-system. Poenget med systemet er mellom anna støydemping og redusert energiforbruk. Systemet gjer at skipet kan ligge presist på plass i ein posisjon, såkalla dynamisk posisjonering (DP).

Dette blir det 18. skipet Stadt leverer til med dette systemet for dynamisk posisjonering, ifølgje pressemeldinga. 

Kontrakta stadfestar Stadt sin gode posisjon i den internasjonale marknaden  også for DP opererte skip , og skapar grunnlag for langt fleire tilsette no i Gjerdsvika , seier dagleg leiar og medeigaar Hallvard Slettevoll i pressemeldinga.
 

Publisert: 20.11.2025 12:07

Sist oppdatert: 20.11.2025 16:51

Mer om