Orjan Yri foto Vekst i Hareid
SJØMANNSLEGE: Ørjan Yri gjer både ambulerande oppdrag som sjømannslege, og tek inn sjøfolk og offshore-arbeidarar lokalt på Hareid. Foto: Vekst i Hareid
Kort fortalt

Starta som omreisande sjømannslege

Fastlege tok permisjon for å satse på nisjeverksemd.

Marius Rosbach
21.02.2025

Hav og Helse er mellom bedriftene som har flytta inn i det nyopna Millennium-bygget på Hareid. 

Selskapet er eit resultat av at Ørjan Yri fann ut at han ville satse på eiga verksemd som sjømannslege. No har han teke eitt års permisjon frå jobben som fastlege i Herøy – og er spent på korleis satsinga vil gå. 

– Det er ein nisje, men samtidig ei teneste som er viktig for mange i vårt fylke. Vi er det fylket i landet med flest sjøfolk, påpeiker han. 

For augneblinken er han einaste godkjende sjømannslegen på Hareid. Gründeren trur også plasseringa tett ved kaia der hurtigbåten frå Ålesund legg til, vil gjere at han får kundar frå den sida av fjorden. 

Det finst ein rekke legar som er sertifiserte sjømannslegar, men dei fleste jobbar også som fastlegar, eller ved eit større legesenter.

Etter det Yri kjenner til, er han einaste i regionen som har spesialisert seg på dette feltet. Samtidig samarbeider han med Offshorelegen i Trondheim, for å kunne dekke større delar av kysten.

– Vi reiser også rundt og kan avtale å møte eit fartøy når dei kjem til kai, fortel Yri. 

Publisert: 21.02.2025 12:12

Sist oppdatert: 21.02.2025 12:23

Mer om