Terje Teige Karita Bekkemelllom NHO arsmote Mog R 2025 foto Ogne
KRITISKE: Medi 3-sjef Jan-Terje Teige og NHO Geneo-direktør Karita Bekkemellem er kritiske til helseføretaket sitt arbeid med å få ned ventetidene for pasientar i Møre og Romsdal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Medi 3-sjefen: – Folk får eit dårlegare helsetilbod

Møre og Romsdal har hatt lengst ventetid i landet etter at helseføretaket sa opp avtalane med private aktørar som Medi 3.

Marius Rosbach
06.02.2025

Konsekvensane av at folk må vente på behandling frå helsevesenet er mellom problemstillingane som blir teke opp på årskonferansen til NHO Møre og Romsdal torsdag. 

Årets konferanse skjer på Pir i Ålesund. På forhand var det rekordpåmelding med 180 deltakarar og knapt ein stol var ledig då arrrangementet starta.

Meir frå konferansen: 

– Ein alvorleg situasjon
Medi 3-sjef Jan-Terje Teige og Karita Bekkemellem, som leiar NHO Geneo, skal på scena og snakke om utviklinga i fylket, ikkje minst sett opp mot ventetidsløftet som helseministeren har kome med. 

– Møre og Romsdal er den regionen i landet som har lengst ventetid på alle behandlingsområder. Samtidig har Helse Møre og Romsdal sagt opp avtalar med private aktørar som tidlegare har vore heilt sentrale i å levere pasientar i regionen nødvendig behandling, seier Bekkemellem til Nett No.

– Dette er ein alvorleg situasjon, og er rett og slett ikkje godt nok, legg ho til. 

Ho meiner det er eit paradoks at Helse Møre og Romsdal lukker døra, samtidig som private aktørar kan bidra, og oppmodar helseføretaket til å ta i bruk kapasiteten til finst – mellom anna hos Medi 3.

Negativt for bedrifter og arbeidstakarar
Trafikklyssystemet som er innført for å vise korleis helseføretaka ligg an med å nå måla om ventetider for pasientane sine. 

Ved utgangen av 2024 viser tala frå Helse Møre og Romsdal raude lys på alle fagområde – og verst i landet. I desember var det i snitt 22 dagar lengre ventetid, enn i same månad året før.

– Folk flest får eit dårlegare helsetilbod og dårlegare livskvalitet til folk. Det gir også konsekvensar bedrifter som får auka sjukefråvær, og kanskje må ta meir ansvar for dei tilsette sin helse, seier Medi 3-sjef Teige til Nett No. 

Gjennom heile 2024 har vi hatt lange ventetider i Møre og Romsdal, samtidig som vi har hatt  ledig kapasitet
Jan-Terje Teige

– Éin telefon kunne løyst mange problem
Medi 3-sjef Teige meiner helseministeren i større grad bør ta styringa – og er skuffa over det Ap-statsråd Jan Christian Vestre har kome med så langt. Han merkar seg at Vestre snakkar positivt om private bidrag. Men i staden for å gripe inn, viser han til at helseføretaket styrer sin eigen økonomi. 

– Gjennom heile 2024 har vi hatt lange ventetider i Møre og Romsdal, samtidig som vi har hatt  ledig kapasitet på Medi 3. Éin telefon kunne løyst mange problem, seier han. 

Teige er ikkje i tvil om at eit samspel mellom private og offentlege er langt meir effektivt – og kan gi store gevinstar - enn at det offentlege skal ta hand om alt, slik situasjonen no blir i Møre og Romsdal. 

Har halde bemanninga oppe
Etter at Medi 3 har levert tenester til helseføretaket i regionen i kring 20 år, blei desse avtalene sagt opp med verknad frå i fjor. Teige fortel at det er heilt stopp ved utgangen av mars månad i år.

Han vil ikkje gå i detalj om kva nedgang det er gitt i omsetning, men seier at konsekvensane i større grad vil vere synlege i rekneskapen for 2025. 

– Både 2023 og 2024 har det vore mykje å gjere, seier han. 

I 2023 omsette Medi 3 for meir enn 200 millionar for første gong og leverte eit solid overskot. 

Oppseiingane av avtalane med helseføretaket har så langt ikkje ført til oppseiingar. 

 – Inntil vidare har vi halde bemanninga oppe, slik at vi har moglegheit til å trappe opp ved behov, fortel Teige.

Publisert: 06.02.2025 11:52

Sist oppdatert: 06.02.2025 17:32

Mer om