Millennium 2 montasje Kim Lllebo foto marius
HAREID: Millennium-bygget er klare til å opna dørene i sentrum på Hareid. Kim Lillebø og familieselskapet Brakali står bak investeringar. Foto:marius rosbach
Nytt

– Det blir nærast eit businessdistrikt

Ny møteplass opnar dørene. Vil vere knutepunkt mellom søre-regionen og Ålesund.

Marius Rosbach
25.01.2025

Millennium på Hareid byr laurdag inn til ope hus for alle som ønsker å ta ein titt innfor dørene i det nye sentrumsbygget. 

Opninga etter totalrenoveringa markerer det siste skrittet av fleire, som saman inneberer ei gjenoppliving av sentrumskvartalet i bygdebyen. 

– Vi vil sende en ope invitasjon, slik at dei frå Ålesund kan få sjå kor flott Hareid har vorte, og vi kan få vise dei moglegheitene vi har her, seier Kim Lillebø til Nett No.

Millennium utsikt styrerom foto marius
GOD UTSIKT: Kim Lillebø (t.h.) med leigetakar Pål-Andreas Alnes i Hadar Corporate Finance med god utsikt frå eitt av møteromma. Foto: Marius Rosbach

Lillebø understrekar at han meiner alvor.

–  Om det er prisen på hurtigbåtbilletten som hindrar dei i å kome - ja so spanderar vi gjerne den om det er det som skal til, legg han til. 

Han står i det store møtelokalet i bygget som familiebedrifta har investert meir enn 50 millionar kroner i. Framfor seg har han panoramautsikt til Storfjorden og det karakteristiske fjellet Masdalskloven.

Millennium kafe inngang foto marius
KAFÉ PÅ GATEPLAN: Millennium Kafé opnar om eit par veker på gateplan i sentrumsbygget. I etasjen over er eit kombinert konferanse- og selskapslokale - der bestillingane allereie har starta å kome. Foto: Marius Rosbach

Ei krevjande og langsiktig investering
Nett No er innom dagen før opninga med ordførar og inviterte gjestar. Ein travelt oppteken Lillebø tek seg tid til ein kjapp omvising i bygget. 

Lillebø legg ikkje skjul på at det kunne ha lønt seg meir å investere i eigedom i ein by kontra på mindre stadar. 

Ei krevjande og langsiktig finansiell investering, kallar han det. Krevjande, fordi det kostar like mykje å bygge på Hareid, som på ein større plass. Samtidig er moglegheitene for å få inntekter på bygget dårlegare. 

– Om vi skulle gjort ei finansiell investering i eigedom, så ville vi gjort det i ein storby. Men vi synest det er mykje meir gledeleg å gjere noko slikt der vi kjem frå og har røtene våre, seier Lillebø.

Millennium Kim lillebo charlotte victoria lilleboe
KLAR FOR OPNING: Kim Lillebø og kona Charlotte Victoria Lillebø før opninga i helga. Kim med helsing frå samarbeidspartnar. Foto: Marius Rosbach

Frå 7 til 100 arbeidsplassar
Og det er meir som skjer i Hareid sentrum. I nabobygget til Millennium bur Teige Gruppen seg på å flytte inn i lokala som i stor grad har stått tomme den siste tida.

Det betyr at dei vil gå i frå totalt sju arbeidsplassar for kort tid siaden, til nærare 100 når også Teige-gruppa flyttar inn.

– Det blir nærast eit businessdistrikt og vil definere denne delen av Hareid, og kanskje heile sentrum, på nytt. Det er vi veldig stolte av å vere ein del av, seier Lillebø. 

Alt skjer eit steinkast frå ferje- og hurtigbåtkaia. 

Lillebø fortel at dei håpar at bygget deira kan vere med å knyte søre Sunnmøre tettare samen med Ålesund. 

Millennium eksterior foto marius
FLEIRE ARBEIDSPLASSAR: I løpet av kort tid kjem nær 100 nye arbeidsplassar på eit kort strekke i Hareid sentrum. Kring halvparten av dei vil jobbe i Millennium-bygget som Brakali Group har totalrenovert. Foto: Marius Rosbach

Starta med frukostseminar
I Millennium-bygget blir det kontorplassar, arbeidsfellesskap og møtelokale. Førebels har fem bedrifter flytta inn - saman med til to bankar. 

I andre etasje er eit utleigelokale som kan nyttast til selskap som dåp, eller konfirmasjonar. Lillebø fortel at dei allereie har starta å få bra med bestillingar på dei kombinerte konferanse og selskapslokala.

Vekst i Hareid var først ut denne veka med å arrangere frukostseminar i lokala.

Har lange tradisjonar
Familien Lillebø dreiv gjennom fleire tiår Libra-Plast. Familieselskapet har hatt relasjonar med enkelte tilsette på rådhuset sidan 1950-talet. 

– Det å investere der vi kjem frå og har nettverket vårt, betyr meir enn å få igjen avkastinga på ein kortare horisont, seier Kim Lillebø. 

Bodskapen fell i god jord hos Hareid-ordførar Bernt Brandal. Han gler seg til å vere med på opninga laurdag og har budd seg med ein liten tale. 

– Vi har brukt dei siste åra på å fortelje kva for ein fantastisk plassering Hareid har. Når lokale eigarar med patriotkapital ser moglegheita til å vere med å løfte dette, så er det fantastisk, seier han. 

Milleinnium sparebanken more foto marius 1
KLAR FOR FEIRING: Ballongane låg klare til feiring i Sparebanken Møre sine lokaler fredag. Foto: Marius Rosbach

Hareid-ordførar: Fleire vil etablere seg
Ordføraren stadfestar at det er betydeleg interesse frå ulike aktørar for å etablere seg i Hareid, både frå bedrifter med behov for kontor og dei som treng produksjonslokale.

Sparebanken Møre har allereie flytta inn på gateplan i Millennum-bygget - og har også opne dører laurdag. 

I etasjen over har Regnskapshuset Hareid Sparebank 1 SMN flytta inn. På gateplan opnar Millennium Kafé dørene om to veker

Milleinnium kafe foto Marius
OPNAR SNART: Sheila Gaasø i sving med å førebu ope hus på Millennium-bygget laurdag. Foto: Marius Rosbach

Har fått mange gode tilbakemeldingar
Millennium-bygget er på tre etasjar og kring 1700 kvadratmeter. Interiøret står Sporstøl Arkitektar for. Ulstein-selskapet har også teikna resten av bygget.

Kim Lillebø fortel at dei har fått mange gode tilbakemeldingar på korleis bygget ser ut utvendig og innvending. Han meiner det er mykje takka vere gode innspel frå alt frå rådgjevarar, arkitektar og entreprenørar undervegs. 

At bygget har stilig interiør og er tipp-topp moderne på alle vis har falle i god jord hos leigetakarane.

 – Dei som kontaktar oss er gjerne bedrifter som ser fordelane i å vere i eit kontorfellesskap med møtepunkt på tvers av bransjar. Fleire har budd i storbyar tidlegare og jobba i slike miljø, men har no flytta heim, fortel han.

Publisert: 25.01.2025 05:00

Sist oppdatert: 25.01.2025 11:14

Mer om