Kort fortalt

Startar pensjonstida med gjeld

Fire av ti går i pensjon med bustadgjeld.

23.11.2015
(NPK-NTB): Delen alderspensjonistar som ikkje har nedbetalt bustadlånet før dei går av aukar. 39 prosent av dei som tar ut full alderspensjon opplyste at dei framleis hadde bustadgjeld.
I aldersgruppa 45– 54 år reknar 52 prosent med at dei ikkje vil vere ferdige med å betale ned bustadlånet innan dei fyller 60, skriv Stavanger Aftenblad om ei undersøking gjennomført av Sparebank 1.
– Vi ser at stadig fleire tar med seg gjeld inn i pensjonisttilværet, og mange har gjerne refinansiert i 40-50-årsalderen for å finansiere oppussing eller nye investeringar som bil, båt eller hytte, seier Oddvar Rettedal, som er produktsjef for finansiering i Sparebank 1 SR-Bank.
Han minner om at når meir av inntektene blir bundne opp i å betale renter og avdrag, blir det mindre igjen til reiser og forbruk. (©NPK)

Publisert: 23.11.2015 08:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50