Kort fortalt

Startskot for høgskuleutgreiing

Torsdag møttest Høgskulen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane i Bergen for å ta fatt på den felles utgreiinga av eit stort profesjonsuniversitet på Vestlandet.

02.10.2015
(NPK): I denne omgangen dreidde det seg om å samle seg om eit mandat for utgreiinga, som så eventuelt skal leggje grunnlaget for ei fusjonsforhandling mellom dei tre. Utgreiinga om det som kan bli eit stort profesjonsuniversitet på Vestlandet, skal vere ferdig i desember.
Rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane håper dei får til ei grundig utgreiing, men står fast ved at fusjonsutgreiinga for dei kjem som eit alternativ til sjølvstende.
– Vi har eit styrevedtak på at det er ein vel så farbar veg for oss å stå åleine. Vi er likevel opne for å sjå om ei slik utgreiing viser at eit samarbeid kan gi ein betre plattform for høgskulen vår, seier Stokke til høgskuleavisa .

Publisert: 02.10.2015 15:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50