Kort fortalt

Staten håvar inn moms på straum

Har tent nær 11 milliardar ekstra i år.

06.09.2022
(NPK-NTB): Nordmenn har i år betalt nesten dobbelt så mykje i moms på straum samanlikna med i fjor. No vil fleire ha momsfritak også i Sør-Noreg.

Moms på straum har etter kvart vorte ein betydeleg del av straumrekninga. Tal frå Skatteetaten viser at staten har tent over 21,5 milliardar kroner i moms på straum til no i år. I same periode i fjor var talet 11 milliardar, altså dryge halvparten.

Professor i finans ved Handelshøgskulen NMBU, Espen Gaarder Haug seier til NRK at eit momsfritak kan setjast i verk kjapt, i motsetning til andre tiltak som til dømes kutt i eksport.

– Sidan vi allereie har momsfritak for straum i Nord-Noreg, så bør det ikkje vere vanskeleg å implementere for alle innbyggjarar, seier Haug, som peikar på at land som Tyskland og Spania nyleg har kutta momsen på straum og gass.

Eit eventuelt momsfritak bør etter hans syn vere ei mellombels løysing inntil «ein får kontroll på situasjonen».

– I nord har dei låg pris og slepper moms, medan vi i sør har høg pris og må betale moms i tillegg. Eit momsfritak vil gjere at det blir litt meir rettferd mellom nord og sør, seier Hilde Alvsåker, juridisk rådgivar i Skattebetalerforeningen.

Statssekretær Erlend Grimstad (Sp) seier at det har vore viktig for regjeringa å hjelpe folk med straumrekninga.

– Straumstøtteordninga betyr at staten tek 90 prosent av rekninga når prisen overstig 70 øre. Dette inneber også moms. Enkelt forklart betyr dette at det er staten som tek mesteparten av momsrekninga når prisane er høge i dag.

(©NPK)

Publisert: 06.09.2022 09:14

Sist oppdatert: 06.09.2022 09:16

Mer om