Kort fortalt

Statkraft i forhandlingar om datasenter

Trekkplasteret er ny skattelov.

12.01.2018
NPK-NTB: Statkraft forhandlar med fleire aktørar om å byggje store datasenter i Noreg. Endringar i skattelova gjer det mogleg å trekke til seg datagigantar.
Statkraft forhandlar i desse dagar med selskap frå blant anna USA om å byggje store datasenter i Noreg, melder .
Forhandlingane starta etter ei endring i den norske skattelova i år, som gjer at datasenter ikkje må betale eigedomsskatt. Dette blir gjort for å kunne konkurrere med våre naboar i Norden som allereie har trekt til seg store firma som Apple, Facebook og Googles eigarselskap Alphabet.
– Konkurransen er tøff, men vi har eit godt tilbod. Noreg er no ein bra stad å etablere firma som driv med avansert datateknologi, seier Statkraft-direktør Christian Rynning-Tønnesen til nyheitsbyrået.
Han seier selskapet jobbar hardt for å få kontraktane signert, utan at han kan seie når det vil skje.

Publisert: 12.01.2018 11:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40