Kort fortalt

Statkraft tente godt på høge straumprisar

La fram kvartalsrapport.

07.05.2026

(NPK-NTB): Første kvartal har vore prega av høge straumprisar i Norden. Det visest på Statkrafts kvartalsresultat, som enda på 8,1 milliardar kroner etter skatt.

– Statkraft leverte sterke resultat i første kvartal, drive av høgare kraftprisar i Norden og god drift. Vi er i rute med gjennomføringa av den spissa strategien vår, og nedsal og kostnadskutt byrjar å gi effekt på resultatet, seier konsernsjef Birgitte Ringstad Vartdal i Statkraft i ei pressemelding.

Kraftproduksjonen var på 20,3 TWh, ein nedgang frå 21,7 TWh som følgje av lågare norsk vasskraftproduksjon.

I løpet av kvartalet heldt Statkraft fram på strategien sin og selde seg ned i eit vasskraftprosjekt i India, eit hydrogenprosjekt i Sverige og tre mindre vasskraftverk i Peru og Brasil.

Samtidig vart det teke investeringsavgjerder for tre vedlikehaldsprosjekt på vasskraftverk i Noreg.

– Auka geopolitisk uro og store prissvingingar understrekar behovet for å fokusere på kjerneverksemda vår, halde kostnadene nede og styrkje balansen. Ein diversifisert portefølje av lønnsame teknologiar og geografiar aukar robustheita vår i møte med geopolitisk uvisse. I første kvartal heldt vi fram med å styrkje Statkrafts konkurransekraft, seier Vartdal.

Statkraft er eit 100 prosent statleg eigd selskap, som er Europas største leverandør av fornybar energi. Dei har rundt 6500 tilsette i 20 land.

(©NPK)

Publisert: 07.05.2026 09:32

Sist oppdatert: 07.05.2026 09:32

Mer om