Kort fortalt

Statnett: Må ha vindkraft på land

- Vi kjem ikkje utanom, meiner Statnett-sjefen.

10.01.2023

Vindkraft på land er nødvendig for å nå klimamåla og unngå kraftmangel og høge straumprisar fram mot 2030, meiner Statnett-sjef Hilde Tonne.

– Vi kjem ikkje utanom vindkraft på land viss vi skal levere på klimamåla. Det er det valet vi må ta, seier Tonne til Bergens Tidende/E24.

Det blir for tida bygd ut lite kraft, mellom anna fordi Noreg stansa saksbehandlinga av ny vindkraft i 2019. Samtidig aukar forbruket. Det gjer at Noreg får eit kraftunderskot allereie i 2027, ifølgje Statnett.

– Det blir meldt inn store kraftbehov, medan vi nesten ikkje ser investeringar i produksjon, seier Tonne.

Ho seier dei ikkje klarer å sjå noko alternativ til vindkraft på land.

– Vi har late vere å investere i produksjon så lenge at no sit vi i ein situasjon der det hastar veldig. Det som trengst no, er at vi tek dei tøffe vala. Vi får ikkje i pose og sekk, seier Tonne.

Noreg bruker i dag rundt 140 TWh straum i året, medan produksjonen er på om lag 155 TWh. Vindkrafta i Noreg har for tida ein årleg produksjonskapasitet på rundt 15 TWh.

– Viss vi skal nå klimamåla, så er det sagt at det trengst totalt 50 terawattimar meir kraftproduksjon i 2030 i tillegg til det vi har i dag, seier Statnett-sjefen.

– Vi kan oppgradere vasskraft for kanskje 10 TWh viss vi verkeleg tek i. Men då manglar det framleis 40 terawattimar i 2030, seier Tonne.

Publisert: 10.01.2023 09:45

Sist oppdatert: 10.01.2023 09:47

Mer om