Kort fortalt

Statoil blir saksøkt over ulukkesrigg

Kinesiske eigarar vil ha erstatning.

15.12.2016
Etter dødsulukka på riggen COSL Innovator i fjor terminerte Statoil kontrakten fire og eit halvt år før tida. No krev dei kinesiske eigarane erstatning.
I ei kortfatta pressemelding opplyser selskapet at dei stemner Statoil for Oslo tingrett med krav om erstatning for kontraktbrot, ifølgje .
Det var heile 4,5 år igjen av kontrakten då ulukka inntrefte, og riggen gjekk på høge dagratar, truleg oppunder 400.000 dollar dagen, ifølgje avisa. Statoil-talsmann Ola Anders Skauby meiner Statoil var i sin fulle rett.
– Vi sa vel då vi terminerte kontrakten at vilkåra for å terminere var oppfylt, seier han.
Ein 53 år gammal arbeidar mista livet, medan fire andre blei lettare skadd då ei kjempebølgje trefte riggen COSL Innovator på Troll-feltet den 30. desember i fjor.
(©NPK)

Publisert: 15.12.2016 08:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43