Kort fortalt

Statoil droppar plattform på Snorre-feltet

Går i staden for undervassløysing.

18.02.2016
(NPK-NTB): Statoil har funne ut at det blir for dyrt med plattform på Snorre-feltet og vel i staden ei mykje meir økonomisk undervassløysing.
– Vi har jobba i fleire år for å få til ein plattform og sett på fleire alternative løysingar, men økonomien i eit slikt prosjekt har vist seg svært krevjande. Vi har derfor bestemt oss for å droppe vidare planer for plattformutbygging på Snorre 2040 og ønskjer i staden å utvikle prosjektet som ei subseautbygging, seier Bjarne Bakken, leiaren av Statoils Snorre 2040-prosjekt, til .
Valet av utbyggingsløysing er første steg på vegen mot ei formell avgjerd om vidareføring som blir teken mot slutten av året. Endeleg investeringsvedtak skal gjerast innan utgangen av 2017.
Det opphavlege investeringsanslaget på 40 milliardar kroner er berekna å bli redusert med 30– 40 prosent med ei subsealøysing – altså mellom 24 og 28 milliardar kroner.
Selskapet siktar mot produksjonsstart i 2021. (©NPK)

Publisert: 18.02.2016 11:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48