Kort fortalt

Statoil ser mot lågkostland

Statoil jobbar framleis med planane om å flytte fleire hundre arbeidsplassar til eit nytt lågkostsenter i Aust-Europa.

14.10.2015
(NPK-NTB): 2.000 stillingar innan administrative tenester er under lupa, og ifølgje er planane, som først vart omtalt i april i år, komme eit steg nærare ei etablering.
Dei siste månadane er det halde ei rad møter der prosjektet er blitt diskutert og drive vidare fram mot ei endeleg avgjerd, skriv avisa.
– Statoil vidarefører arbeidet med å vurdere om det er grunnlag for å etablere eit business-senter i eit lågkostland utanfor Noreg. Ei avklaring om dette er venta i første kvartal 2016, seier informasjonsdirektør i Statoil Knut Rostad.
Det skal vere mest aktuelt å etablere seg i eit land i Aust-Europa.Statoil har allereie vore gjennom fleire rundar med kutt, og neste år vil selskapet ha nedbemanna med rundt 20 prosent av talet på tilsette sidan 2013.
Stillingane som no blir vurdert flytta, ligg innanfor områda kommunikasjon, personal, IT, eigedom, økonomi, finans og innkjøp.

Publisert: 14.10.2015 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50