NPK-NTB: Statoil-sjef Eldar Sætre er bekymra over at fleire oljegigantar forlèt norsk sokkel. Professor Petter Osmundsen meiner opning av Lofoten kan lokke dei tilbake.
Det siste året har fleire store oljeselskap som ExxonMobil og Total trappa ned på norsk sokkel. Statoil-sjef Eldar Sætre seier til oljeavisa at utviklinga er uheldig.
– På generell basis ønsker vi variasjon blant aktørane i Noreg. I det siste har vi likevel sett at nokre internasjonale selskap trappar ned aktiviteten, spesielt på felt dei er operatør for, noko som ikkje er ei ønskt utvikling, seier Sætre.
Statoil-sjefen synest lista over søkjarar til utvinningsløyve i den 24. konsesjonsrunden var lite oppmuntrande. Fleire av dei store selskapa glimra med sitt fråvær.
– Eg skulle helst sett at dei store aktørane viste meir interesse for område på norsk sokkel, seier Sætre.
Professor i petroleumsøkonomi Petter Osmundsen ved Universitetet i Stavanger er einig.
– Noreg har framleis store område som ikkje er utforska, der vi treng kompetansen og den tekniske og finansielle kapasiteten til dei store oljeselskapa, seier han til Upstream.
Osmundsen viser til at våre naboar, Storbritannia, og Danmark, klarer å halde på dei store selskapa ved å forbetre dei finanspolitiske forholda.
– Noreg må gjere det same for å vere konkurransedyktige. Vi må også opne område som er attraktive for desse selskapa, spesielt Lofoten, seier han.

Publisert: 15.12.2017 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40