Kort fortalt

Statsraad Lehmkuhl med batteridrift

Går frå diesel til batteri.

21.02.2018
NPK: Noregs største seglskute Statsraad Lehmkuhl skiftar ut dieselmotoren og går over på batteri, fortel NRK.
Enova støttar prosjektet med 4,2 millionar kroner. Skipet har tidlegare brukt diesel til drifta av skuta, og til framdrift ved behov. No blir seglskuta heilt utsleppsfri.
Statsraad Lehmkuhl er ein tremasta stålbark. Skipet er Noregs største og eldste seglskip og har heimehamn i Bergen. Det vert brukt på utflukter og regattaer, i tillegg til private arrangement. Sjøforsvaret brukar skipet av og til som skuleskip.
Skuta vart bygd i Bremerhaven-Geestemünde i Tyskland i 1914, då som skuleskip for den tyske handelsflåten.

Publisert: 21.02.2018 12:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39