NPK-NTB: Nordsjøolje nådde måndag si høgste notering sidan sommaren 2015 etter at ein røyrleidning på britisk side av sokkelen måtte stengje.
Ifølgje er hovudårsaka til prisoppgangen ein sprekk i Forties-røyrleidningen som vart oppdaga på britisk side av sokkelen. Operatøren har stengt leidningen, som fraktar nesten 40 prosent av oljen frå Nordsjøen til Storbritannia, skriv .
Måndag kveld vart nordsjøolje omsett for 64,91 dollar per fat – ein oppgang på over 2 prosent og høgste oljepris sidan 24. juni 2015.
Det er venta at røyrleidningen vil vere stengt i fleire veker, og fleire ekspertar trur mangel på olje kan fortsette å presse prisen oppover.

Publisert: 12.12.2017 08:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40