Kort fortalt

Sterkt årsresultat frå Nordea

Nordea leverte sterke tal i andre kvartal og fekk eit driftsresultat på 1,72 milliardar euro.

17.07.2023

Driftsresultatet auka med 26 prosent på årsbasis, skriv selskapet i ei pressemelding. Samtidig auka samla inntekter med 22 prosent.

Også i Noreg er det gode resultat for Nordea.

I andre kvartal auka Nordeas utlån i Noreg til 808 milliardar kroner, ein auke på 4 prosent gjennom det siste året. Auken skjer både blant bedrifter og privatkundar.

I løpet av andre kvartal fekk banken 1580 nye bedriftskundar og 14.500 nye privatkundar i Noreg.

– Aktiviteten er høg og særleg blant bedrifter er det sterk vekst i utlån. Mange ser moglegheiter no. Samtidig ser vi også auka pågang etter avdragsfritak frå hushalda, og at det er fleire som ber om hjelp og rådgiving. Hausten kan bli krevjande for ein del, seier administrerande direktør Snorre Storset i Nordea Norge.

Samtidig auka innskot frå hushalda med 2 milliardar kroner i løpet av kvartalet.

– Trass i urolege tider er det mange som klarer å spare, med sterk auke på høgrentekontoane vi tilbyr. Det er også mange som vel å binde renta på innskot, seier Storset.

(©NPK)

Publisert: 17.07.2023 09:23

Sist oppdatert: 17.07.2023 09:23