Kort fortalt

Spør om Sveits-flytting er lovleg

Det er fleire feller å gå i, påpeiker ekspertar.

07.03.2023

(NPK-NTB): Forskar Ole-Andreas Næss ved NHH stiller spørsmål ved om metoden fleire rike nordmenn har brukt for å flytte pengar til Sveits, er lovleg.

Dagens Næringsliv har sett på korleis fleire av dei rikaste familiane i landet har flytta til Sveits, i ein del tilfelle ved overføring av milliardformuar i forkant. Ein metode går ifølgje avisa igjen: Barna får verdiane i form av B-aksjar i selskapet, medan fedrane beheld kontrollen gjennom A-aksjar.

Skatteekspertar som DN har snakka med, påpeikar at det er fleire feller å gå i ved å bruke denne modellen, særleg viss eitt av fleire søsken får verdiane.

Forskar Ole-Andreas Næss ved Noregs handelshøgskole meiner måten kan verke som «ein strategi for å flytte formuen mellombels til dei barna som bur ein stad med lågare skatt».

– Så er spørsmålet om dette er lovleg. Vi har jo gjennomskjeringsregelen, som seier at styresmaktene kan gripe inn dersom transaksjonen ikkje har nokon reell verdi utover skatteinnsparinga. Det hadde vore veldig interessant å få ei grundig juridisk vurdering av dette, seier Næss.

Skatteetaten opplyser i ein e-post til DN at dei generelt kan gjennomføre ei gjennomskjering viss transaksjonen har lite eller inkje innhald utover skatteinnsparinga.

(©NPK)

Publisert: 07.03.2023 09:05

Sist oppdatert: 07.03.2023 09:37

Mer om