Kort fortalt

Stopp i bygging av trebruer

Sju av ni kontrollerte trebruer har ikkje god nok bereevne.

03.11.2022

No varslar Statens vegvesen ein grundig gjennomgang av regelverk og rutinar for bygging av trebruer.

Dagen etter brukollapsen på Tretten den 15. august vart 14 andre tilsvarande trebruer stengde. Vegvesenet har no kontrollert ni trebruer og fastslår at sju av desse ikkje har god nok bereevne, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Gjennomgangen så langt har avdekt ulike avvik knytt til prosjektering og utføring for fleire av bruene, seier avdelingsdirektør Nils Audun Karbø i Statens vegvesen.

Bruene Moumbekken (Fredrikstad) og Tveit (Vang i Valdres) er opna for ordinær trafikk, medan Norsenga (Kongsvinger) og Evenstad (Stor-Elvdal) er opna med redusert belastning.

Flisa (Åsnes), Sundbyveien (Eidsvoll), Sletta (Eidsvoll), Bliksland (Indre Østfold) og Skubbersenga (Eidsvoll) må haldast stengt i påventa av forsterkingstiltak.

– Sjølv om vi ikkje er ferdige med gjennomgang av alle bruene og oppsummeringa av funna, så var det rett avgjerd å stengje desse bruene, seier Karbø.

– Gjennomgangen så langt har avdekt ulike avvik knytt til prosjektering og utføring for fleire av bruene. Totalt er det funne feil som krev forsterkningar før full gjenopning på sju av dei 14 bruene, seier avdelingsdirektør Nils Audun Karbø i Statens vegvesen.

Tretten bru var ei limtrebru og er av same konstruksjon som ei tilsvarande bru som kollapsa på Sjoa i februar 2016. Det vart gjort ein grundig inspeksjon av Tretten bru i fjor, utan at ein fann nokon feil. Ein lastebil og ein personbil var på brua då ho kollapsa. Til alt hell kom begge bilførarane frå hendinga i god behald.

– Vi går no gjennom rapportane for å samanfatte funna og kva dei vil ha å seie for framtidig regelverk og bruk av slike bruer. Men endelege konklusjonar kan vi ikkje trekkje før Statens havarikommisjon har konkludert om årsaka til kollapsen av Tretten bru, seier Karbø.

I påvente av dette vil ingen nye trebruer av denne typen bli godkjende av Vegdirektoratet.

Publisert: 03.11.2022 13:58

Sist oppdatert: 03.11.2022 14:00

Mer om