NPK: Oljearbeidarar som blir stoppa på helikopter fordi dei er rusa eller har med seg narkotika ser ut til å vera eit aukande problem.
– Til no i år har det blitt rapportert over 20 tilfelle, fortel Tor Greger Hansen som er leiar i Helikopterbrukerkomiteen, HBK, for alle operatørane på norsk sokkel til
Han fortel at rus er ein av dei største utfordringane i risikoanalysane til oljebransjen. Dei siste åra har det difor blitt sett i verk fleire tiltak for å avsløra ruspåverka oljearbeidarar.
Leiar i Industri Energi Equinor Sokkel, Per Steinar Stamnes, meiner talet på kor mange som er tekne, er eit teikn på at tiltaka fungerer. Han meiner gode rutinar på helikoptera er med på å hindra rusproblem i bransjen utaskjers.
– Hadde det vore tilfelle som involverte rusbruk eller mistanke om rusbruk ute på installasjonane, hadde vi hatt kunnskap om det. Det er ingenting som tilseier at det er tilfellet, seier Stamnes.

Publisert: 28.11.2019 13:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31